Velkomen til Ungdomskafe 5. juni kl 18!

Publisert av: Hilde Publisert: 31. mai 2023
Oppdatert: 02. juni 2023
Lesetid: ca. 1 min
Engasjert, lyst til å engasjera deg, eller berre nysgjerring? Voss SV i samarbeid med Natur & Ungdom, Sosialistisk Ungdom og Amnesty, ynskjer velkomen til ungdomskafe i Gamlekinoen!

Kafeen er for deg som er elev på ungdomsskulen/vidaregåande skule, eller nettopp er ferdig med vidaregåande. Det vert innslag frå arrangørane, info om kva DU kan nytte stemma di, og engasjementet ditt til på Voss.

Det vert og leik, gode samtalar, pizza og kake, og arrangementet er heilt gratis.

Me gler oss til å sjå deg måndag 5. juni kl 18 i Gamlekinoen. Velkomen!

Sjå meir her: https://www.facebook.com/events/909573863671132/