Det skal vera godt og trygt å bu i Voss herad.

Velferdstenestene skal dekkja grunnleggjande behov og vera tilgjengelege der folk bur.

Me vil ha god kvalitet på barnehagar, skular, helsetilbod, sosiale tenester og kulturtilbod. God kvalitet på tenestene er styrkjande for den enkelte og kan hindra utvikling av økonomiske, sosiale og helserelaterte vanskar på sikt. Det må vera lett å koma i kontakt med dei tenestene ein har behov for.

Helsetenestene skal vera like gode for alle uavhengig av alder, funksjon, kvar du kjem frå, kvar du bur og kva du tener. SV  ynskjer å sikre ei helseteneste som er der når du treng den, som er heilskapleg, helsefremjande og basert på tillit. Omsynet til folk må alltid koma før omsynet til byråkrati og økonomisystem.