Me mistar naturen bit for bit, den som skal gje oss mat, rekreasjon og eit sunt livsmiljø. Voss SV vil snu denne utviklinga, og sikra at Voss ikkje mistar meir natur og landbruksareal.

Voss SV vil:

Naturen og klimaet treng oss og nokon må gje naturen ei stemme. Voss SV vil vere denne stemma og gjere Voss til ein natur- og klimavenleg kommune.

Naturkrisa

Sidan 1970 har 68% av verdas dyrebestandar forsvunne. I Noreg står det ikkje stort betre til enn resten av verda, då ein av fem artar no er på raudlista – den noko triste lista over artar som er truga. Grunnen til dette handlar fyrst og fremst om arealendringar, altså at samfunnet bygger ned dyra sine habitat. Vindkraftverka øydelegg viktige område for karrig mose, gass frå vasskraftverk overmettar og tørrlegg leveområda til stor laks og ørsmå krepsedyr, hyttefelt brer seg inn i villreinen og kongeørna sine habitat. I tillegg opplever mange menneske ulike former for sorg når naturområda deira vert til motorvegar eller energiindustriområde.

Kommunane har ei særleg viktig rolle, då det er dei som er ansvarleg for arealforvaltninga. Dersom kommunane vert naturvenlege vil naturen i Noreg klara seg. Dette vil SV kjempa for.

Klimautfordringane

Klimautfordringane skal også takast på alvor. Her er kommunen sin klimaplan, jobba fram med særleg innsats frå Voss SV, vårt viktigaste reiskap. Me vil sjå til at ambisjonen om å kutta 69% av Voss sine utslepp vert følgd.

Natur og klimakrisa er same sak

Tap av natur og klimaendringane er eit resultat av overforbruk av naturressursar. I grunn handlar dette om ein gamal kamp mot at marknadskrefter og evig vekst skal øydelegge dei gode liv.

SV vil vera ein pådrivar for å redefinere veksttanken. I lokalpolitikk og i våre innspel til sentrale myndigheiter.

Slik skal me skape ei klima- og naturvenleg bygd:

 Arealnøytralitet

Me skal i denne perioden verte ein arealnøytral kommune. Det vil seie at område som i dag er reel natur- eller landbruksareal, ikkje skal kunna omdisponerast. Det skal ikkje øydeleggast meir natur på Voss.

Voss herad har fleire flotte skianlegg, og er kjende for å vere godt vertskap. Ei storstilt hyttebygging har vore med på å finansiera goder for oss alle, og har vore viktig for arbeidsplassar og næringsutvikling i bygda. Me i SV elskar også å svinga oss i bakkane!

Men no er me bekymra for om det er rett å halde fram i same sporet. Hyttebygging fører til tap av natur, auka klimagassutslepp, auka forbruk av straum, auka transport – rett og slett alt me vil ha mindre av. I tillegg er me uroa for om me ”heller babyen ut med badevatnet” når me øydelegg nettopp det som er merkevara vår og ein viktig faktor i reiselivsnæringa; naturen på Voss.

Bømoen

SV vil gå i mot alle reguleringsplanar som råkar natur og friluftslivsverdiane i Bømoen. Me ynskjer å bevara og styrka desse verdiane. Bømoen er etter vårt syn ein god kandidat for å verte eit statleg sikra friluftsområde, og som eit minimium må Heradstyret klara å verne om Bømoen som natur og friluftslivsområde. I ytterste konsekvens må Heradet vurdera om det er grunnlag for oreigning. I tillegg er det viktig at me får betre kjennskap til naturverdiane, noko me meiner må komma fram i det oppstarta arbeidet med å laga naturmangfaldsplan.