Landbruket er særs viktig for Voss. For busetnad og arbeidsplassar, både direkte og gjennom ringverknadar, er dei mange gardsbruka på Voss uvurderlege.

SV meiner at me må ha ein eigen nasjonal matproduksjon, og eit sterkt landbruk på Voss, av fleire grunnar:

  1. Med usikker global matproduksjon, både pga klimaendringar og krig, er det viktig for nasjonal mattryggleik å ha eit fungerande jordbruk.
  2. Av samme grunnar må jordvern prioriterast høgt. Dyrka matjord er ein ressurs det har teke tusenvis av år å byggja opp, og må takast godt vare på.
  3. Som klimatiltak kan jord spela ein vesentleg rolle. Karbonbinding i jord basert på fotosyntesen er den rimelegaste måten me kan fanga co2 på, og med størst potensial.
  4. Reduksjon i naturmangfald er også ei global krise. Mange truga artar er knytt til eit levande kulturlandskap.
  5. For reiselivet er det vesentleg at kulturlandskapet på Voss også i framtida framstår som attraktivt.
  6. Kortreist mat er både sunt og klimavenleg. SV støttar opp om lokale produsentar og lokal distribusjon t.d. Rekoringen

Voss SV vil leggje til rette for eit bærekraftig og framtidsretta næringsliv der me tek vare på Voss sitt særpreg, og naturen vår. Det grøne skiftet må koma i næringspolitikken, og me vil vere ein pådrivar for å leggje til rette for dei som styrer mot eit grønt skifte. Voss SV vil støtte ei grøn omstilling innan transport og entreprenørbransjen. Voss SV vil støtte utvikling innan sirkulærøkonomi, gjenbruk og anna grøn næringsutvikling. Me vil nytte Kraftfondet i større grad som eit verktøy for grøn og berekraftig utvikling i næringslivet.

Me tenkjer at gode velferdstenester er noko av det viktigaste å ha på plass, for å ha gode føresetnader for eit godt næringsliv. Der folk skal arbeida må det vere godt å bu, det må vere nok barnehageplassar, det må vere gode skular og gode helsetenester. Det må vere tenester i heradet som fungerer godt.

Det å ta vare på naturen gjer at folk ynskjer å bu på Voss. Mange som bur på Voss seier nettopp dette – ein ynskjer å bu her fordi naturen vår er heilt unik. Det er difor også god næringspolitikk å ta vare på naturen vår. Eit grønt og berekraftig reiseliv er ei næring for framtida. Difor er det så viktig for oss å ta vare på uberørt natur. Voss SV støttar gode tiltak beskrive i Reiselivsstrategien samt Vossaklima for å oppnå dette.

SV har vore ein sterk pådrivar for K5, og meiner at trygg veg og bane mellom Voss og Bergen lyt prioritertast framfor andre store vegprosjekt som td Hordfast. Liv og helse må prioriterast!