For å tilpassa oss eit våtare klima er det viktig å ha god kunnskap om kva tiltak som vil virka, og kva som kan gjerast både på kort og lang sikt.

Flaumane har kome oftare og vorte meir dramatiske siste åra. Meir ekstremvær er ein konsekvens av menneskeskapte klimaendringar, og strekar under at me må ta Vossaklima 2030 på alvor, og gjera vårt for å kutta utslepp. Samstundes må me førebu og tilpassa oss eit meir ekstremt vær.