Dag Sandvik

1. kandidat i Voss SV

Naturvernrådgjevar

Naturen treng ei stemme, og den stemma vil eg vera. Den stemma skal tala for eit samfunn der jaget etter materiell velstand og økonomisk vekst er erstatta av søken etter gode liv, eit samfunn som dyrkar undring og respekt, eit samfunn som omfordeler til dei som treng det, og der ein slik har skapa rom for å ta vare på sjølve livsgrunnlaget – naturen, med alt sitt mangfald.