Voss SV ynskjer eit meir rettferdig Voss og vil arbeida vedtak etter vedtak med å fordela pengane heradet kontrollerer for å skapa verdige liv for ALLE.

SV vil:

Bustadpolitikk

Bustadprisane på Voss er så høge at det er vanskeleg for fyrstegongskjøparar å kome seg inn på marknaden. Det bør difor leggjast til rette for å byggje fleire bustadar for fyrstegongskjøparar. 

Samstundes er det å byggja nytt dyrt, krev energi og legg beslag på areal. Me har allereide sett vanskelege diskusjonar om bustadbyggjing i sentrumsnære område, også på dyrka mark. Det vart dessutan vedteke at all framtidig arealutbyggjing skal vera arealnøytral i Voss Herad i Vossaklima 2030.

Det at hus og leiligheiter i sentrumsområdet vert nytta som fritidsbustader eller investeringsobjekt er med på å pressa opp prisane i bustadmarknaden. SV foreslår difor at heradet undersøkjer kor stort dette problemet er på Voss, og vurderer nedsett konsesjonsgrense (buplikt) i sentrum. Me ynskjer ikkje at Voss Sentrum vert ein “hytteby”.

6-timersdagen

Arbeidslivet er ein stor del av livet til dei aller fleste. Difor må arbeidslivet formast for å skape gode og berekraftige liv og lokalsamfunn. Me meiner at kortare arbeidstid kan gje ein positiv vinst for mange enkeltmenneske, og for samfunnet som heilskap.

Livskvalitet er kjensla av å leve det gode liv, og dette må vere eit av dei øvste måla me set oss som samfunn – at flest mogleg skal oppleve best mogeleg livskvalitet. Då skal ein vere merksam på kva livskvalitet er. Voss SV er heilt sikre på at livskvalitet for mange av oss i Noreg er noko anna enn materiell levestandard. Livskvalitet er avhengig av at ein har dekka ein del materielle behov, men det handlar vel så mykje om å ha gode relasjonar, god helse og høve til å gjere dei tinga ein opplever meiningsfylt.

For mange er dette eit spørsmål om tid. Tid til å vere med familie eller vener. Tid til å trene eller gå tur i fjellet. Tid til dyrke interesser. Tid til å berre vere. Då kan lange arbeidsdagar kjennest som eit problem. I tillegg er det mange som har arbeid som krev så mykje av ein, mentalt og fysisk, at redusert arbeidstid både kunne gjeve betre livskvalitet og redusert sjukefråver.

Kortare arbeidsdag handlar altså ikkje berre om enkeltmenneske. Det er også ein av vegane til eit betre samfunn. Kortare arbeidsdag kan med rette kritiserast for å vere ein dempar på økonomien, men det treng ikkje vere negativt. Bærekraft er naudsynt om me skal ta vare på livsgrunnlaget. Om me skal ha ein leveleg klode, og ei leveleg bygd, også i framtida. Dersom alle skulle hatt like stort forbruk som nordmenn, ville me trengt 3,6 klodar for ha nok ressursar.

Den aller rikaste delen av verda må ta ut meir av velstanden i livskvsalitet og kvalitetstid, dersom kommande generasjonar skal ha arve ein fungerande natur og klima. I tillegg kan kortare arbeidsdagar avlaste ein hardt pressa velferdsstat, gjennom betre helse, lågare sjukefråvær og betre tid til å pleie relasjonar og omsorg for kvarandre.

Voss SV ynskjer at Voss Herad startar eit pilot prosjekt for å prøve ut 6-timars dag/ 30 timars arbeidsveke.