Voss SV ynskjer å prioritera tiltak som gjev born og unge auka kjensle av meistring.

Voss SV vil: 

Skule

Skule er viktig! SV vil prioritere dei unge sin moglegheit til å lukkast i skulen. Alle ynskjer ein skule der born trivst, er trygge og meistrar undervisninga, men no er det er for mange born som ikkje har ein god nok skulekvardag. SV vil styrka satsinga på praktiske fag, fysisk aktivitet og uteskule, og me vil at vossaskulen skal jobba for å ha dei beste lærarane. Me har mange gode skular på Voss, og SV vil at skulane skal læra av kvarandre, og det gode arbeidet som allereie vert gjort.

Uteskule, fysisk aktivitet og praktiske fag

SV har i fleire år teke til orde for meir tid og ressursar til praktiske fag og bruk av naturen i skulen. Dette meiner me er heilt sentralt for å skapa ein skule for framtida.

Sidan 80-talet har det vore ein kraftig auke i den samla tida eit born går på skulen. Samstundes har auka målstyring og satsing på teoretisk læring skapt ein teoretisk og stillesitjande skulekvardag som ikkje er god for born som skal utvikla heile seg i samspel med omgjevnadene.

Me vil ha ein skule med meir tid og ressursar til praktiske fag, der elevane kan bruka armar og bein og ikkje berre læra gjennom teori. Me vil difor jobba for å få meir praktiske fag som t.d. sløyd, handarbeid, matlaging, musikk og kunstfag inn i skulen.

Nye læreplanar opnar for større utforsking utanfor klasserommet, og SV ynskjer at alle skular og alle trinn skal få betre rammer for uteskule der elevane kan få leike og lære i ute i natur og samfunn.

Voss skal ha dei beste lærarane

Kva er nøkkelen for å skapa god undervisning? Det er ikkje berre eitt svar, men læraren er ein viktig del av svaret. Dersom Voss herad skal tilrekkja seg, halde på og utvikla sine gode lærarar, må ein jobba aktivt for det.

Ressursar og tid til å vidareutvikle seg som lærar er heilt sentralt – både for å vera ein god lærar, og for å kunne vera ein attraktiv arbeidsplass. Ansvar, fridom og støtte til å utvikle gode pedagogiske opplegg, gode relasjonar og skulemiljø vil vere tilsvarande viktig. 

Voss SV vil auka grunnbemanninga i skulen, samt få fleire spesialpedagogar for å oppfylla elevane sin rett til spesialundervisning. Me ynskjer også faste vikarstillingar i grunnskulen. 


Digitale læremiddel på nynorsk 

Digitaliseringa av skulen har gjort at nynorskelevar ofte får læremiddel på feil språk, det vere seg bokmål eller engelsk. Skuleeigar bør stille krav til, og ta ansvar for at digitale og analoge læremiddel som vert kjøpt inn skal føreliggja på nynorsk. 

Like viktig som digitale læremiddel er å læra gleda over å lesa i ei ekte bok. Voss bibliotek har flotte tilbod til både born og unge, og bokbussen er eit svært godt tiltak me ynskjer å vidareføre.

Barnehage

Ein god barndom varar heile livet. Gjennom sterke fellesarenaer gjev me borna våre best føresetnader for å lukkast. Barnehagen skal ta vare på borna sine behov for omsorg og leik. Dette er fyrste skritt på vegen til livslang læring og danning.

SV vil prioritere tiltak som styrkar kvaliteten i barnehagen, som gjev leik, natur og utforsking stor plass og som gjev alle barn høve til å gå i barnehage.

Voss SV vil at heile heradet skal takast i bruk og at born skal ha rett til barnehageplass nær bustaden.

Det skal vera barnehage både på Bolstad, Evanger og Opheim.

Tilsette/bemanning

Leik er læring

Ein profittfri barnehage

Voss SV ynskjer at pengane skal gå til borna, ikkje til profitt – me vil ha profittfri velferd i heradet. Voss SV vil ha fleire offentlege barnehagar. 

Voss SV vil styrkja mattilbodet i barnehagane og styrka vedlikehald av bygga og leikeplassane. 

Kulturskule

Kulturskulen er ein flott arena der mange får høve til å oppleva meistringskjensle og glede. Voss SV ynskjer at kulturskulen skal vera eit reelt tilbod til alle i heradet.

Det er flott at kulturskulen tilbyr friplassar for born i låginntektsfamiliar, og at ein utvidar talet på slike friplassar. For familiar som har ei inntekt over det som kallast låginntekt, kan prisen på ein plass i kulturskulen likevel ha noko å seie, og særleg om ein har fleire born som ynskjer seg plass. Det er difor viktig å halde prisen for ein plass i kulturskulen på eit moderat nivå, i tillegg til at ein innfører syskenmoderasjon, slik mange andre kommunar har.

Voss herad har eit tydeleg sentrum og mange utkantar. Mangfaldet av tilbod ligg sentralt, og det er færre tilbod lokalisert utanfor sentrum. Det kan vera vanskeleg for mange å kunna delta på eit tilbod som har lang reiseveg, sjølv om interessa er stor. SV ynskjer at kulturskulen har fokus på å gi eit størst mogeleg mangfald av tilbod både sentralt og perifert i heradet. Ein bør kunna leggja inn ynskje om lokalisering i søknaden på alle tilboda, i staden for i utgangspunktet å avgrensa kva tilbod det kan søkjast på i utkantane.