Ja til meir meistring i skulen!

Publisert av: Hilde Publisert: 26. mai 2023
Oppdatert: 02. juni 2023
Lesetid: ca. 2 min
Voss SV tek utfordringane på alvor og vil prioritere praktiske fag, fysisk aktivitet, uteskule og betre bemanning i skular og barnehagar i heile Voss herad. Me ynskjer at alle born og unge, og dei som tek vare på dei kvar dag, skal oppleve meistring.

Torsdag 25. mai arrangerte Voss SV temakvelden ”Naturen som lærings- og meistringsarena i skulen”. Kring 50 frammøtte fekk høyre på to flotte føredrag, det fyrste frå stipendiat og dagleg leiar for Senter for Fysisk Aktiv Læring (SEFAL), Mathias Brekke Mandelid.

Mathias opna med eit spørsmål som tilhøyrarane måtte svare på fysisk – og sette standarden for eit særs lærerikt føredrag:

Medan 80% av 6-åringar er i minst 60 min dagleg aktivitet er det same talet for 9-åringar 60%, og for 15-åringar 40%.

At dette er eit problem for folkehelsa treng me vel ikkje utdjupe. Det at testing og målstyring vert hovudfokus, framfor læring i seg sjølv, gjer at elevane vert lært opp til å vere ekspertar på å klare ein test framfor å verte problemløysarar og innovatørar. Kva framtidas born og unge må kunne noko om veit me ikkje sikkert, men at det er viktig å kunne tileigne seg kunnskap, å lære, er lett å tru.

Mathias påpeika at læring kan skje på så mange andre måtar enn ved standard klasseromsundervisning, og at dei positive effektane ein kan få ved å nytte fysisk aktiv læring gjev eit dobbelt utbyte samanlikna med innsatsen. Samhaldet, samarbeidet og meistringskjensla til den einskilde, klassen og læraren vil auke når ein lærer samstundes som ein er aktiv, og ikkje berre sit stille ved ein pult.

Det handlar om å oppleve meistring

Oppleving av å meistre var også hovudbodskapen i føredraget til Ragne Elise Berre og Helge Tenol Tuxen, begge frå den ideelle stiftinga Trygg Av Natur og elles kjende frå villmarksbarnehagen og villmarkslinja.

Ragne og Helge fortalde på engasjerande vis korleis born og ungdom som vert tekne med på ”Ferdaråd”, får tillit, handlingsrom, får vere med å ta avgjerdsler og kjenner på at dei høyrer til, vert glade, motiverte, får sjølvtillit og meistringskjensle. Det å vise omsyn til kvarandre, til naturen og til seg sjølv er den einaste regelen. Slik samfunnet vårt er no, med aukande fokus på kontroll, tryggleik og (vaksen)styring skaper me born som føler at dei ikkje strekk til.

På Voss er me heldige. Me har nærleik til ein fantastisk natur. Me har kompetanse i lærarstaben. Me har villmarksbarnehagar og villmarkslinje. Me har vidaregåande skular med praktiske fag. Me har flotte initiativ som t.d. Garden, Inn på tunet og Trygg av natur. Det er mykje som ligg til rette for gode skular og barnehagar. Men det trengs framleis meir midlar til å satsa på kompetanse, og me må sikre nok og rett bemanning. Dei mange oppslaga i avisa Hordaland i det siste, viser at det er utfordringar i oppvekstsektoren i Voss herad.

Voss SV tek utfordringane på alvor og vil prioritere praktiske fag, fysisk aktivitet, uteskule og betre bemanning i skular og barnehagar i heile Voss Herad. Me ynskjer at alle born og unge, og dei som tek vare på dei kvar dag, skal oppleve meistring.

Ta med skuleborna ut
Helge Tenol-Tuxen, Mathias Brekke Mandelid, Margrethe Alm og Ragne Elise Berre