Det skal vera godt og trygt å bu i Voss herad.
Velferdstenestene skal dekkja grunnleggjande behov og vera tilgjengelege der folk bur.
Me vil ha god kvalitet på barnehagar, skular, helsetilbod, sosiale tenester og kulturtilbod. God kvalitet på tenestene er styrkjande for den enkelte og kan hindra utvikling av økonomiske, sosiale og helserelaterte vanskar på sikt. Det må vera lett å koma i kontakt med dei tenestene ein har behov for.
Helsetenestene skal vera like gode for alle uavhengig av alder, funksjon, kvar du kjem frå, kvar du bur og kva du tener. SV ynskjer å sikre ei helseteneste som er der når du treng den, som er heilskapleg, helsefremjande og basert på tillit. Omsynet til folk må alltid koma før omsynet til byråkrati og økonomisystem.
- lækjarkontoret i Granvin må setjast i drift att.
- sikra nok og kvalifisert personale i eldreomsorga. Ved å auka bemanninga til litt over eit absolutt minimum vil det bidra til færre sjukemeldingar, mindre slitasje på arbeidstakarane og ein betre kvardag for pasientane.
- aktiv rekruttering til helsevesenet/ stimuleringsmiddel/ bindingstid (løn under utdanning?) stipend?
- tilbod om faste og heile stillingar for dei som ynskjer det
- eldre i sjukeheim må få rett til å koma ut i frisk luft kvar dag, dersom dei ynskjer det og helsetilstanden tillet det.
- søknadsprosessar må ikkje stå i vegen for at folk får hjelp raskt, t.d. innan rus og psykiatri, og tenestene må vera lett tilgjengelege, både fysisk og digitalt