Frivilligheita er ei berebjelke i dugnadsbygda Voss. Frivillig arbeid har stor betydning for born, unge, vaksne og eldre innan alle samfunnslag i heradet. Det skapar bulyst gjennom gleda det gjev dei som deltek i frivillig arbeid, og gjennom den samfunnsbyggjande effekten av det frivillige arbeidet.
Frivilligheita er under press og fråfall, ogl i idrett og lagsarbeid er dette ei utfordring. Heradet bør stå fyrst i køen for å støtta opp om det gode arbeidet og den store dugnadsinnsatsen som vert gjort av vossingane. Voss SV vil at heradet skal vera ein foregangskommune i satsinga på dei frivillige.
SV ynskjer å jobba for å lette arbeidet for dei frivillige laga og organisasjonane i heile heradet ved å ha:
- Ein fast tilsett frivilligkoordinator i Voss herad som jobbar med rammevilkår, støttar opp om nye frivillige initiativ og legg til rette for samarbeid mellom offentleg og frivillig sektor.
- Gratis utleige av alle kommunale idrettsanlegg til frivillige lag og organsiasjonar. Til dømes Voss Idrettshall, Vossabadet, fotballbanar.
- Gratis utleige av skulebygg til frivillige lag og organisasjonar ved samlingar, cupar, stemner etc
- Gratis utleige av kulturhuset og andre kommunale bygg til frivillige lag og organisasjonar som tilbyr kulturopplevingar til born og ungdom