For å tilpassa oss eit våtare klima er det viktig å ha god kunnskap om kva tiltak som vil virka, og kva som kan gjerast både på kort og lang sikt.
Flaumane har kome oftare og vorte meir dramatiske siste åra. Meir ekstremvær er ein konsekvens av menneskeskapte klimaendringar, og strekar under at me må ta Vossaklima 2030 på alvor, og gjera vårt for å kutta utslepp. Samstundes må me førebu og tilpassa oss eit meir ekstremt vær.
- SV meiner at me må skilja klart mellom kraftutbyggjing og flaumtiltak. I den lokale debatten har kraftutbygging av Raundalselva vorte lansert som ei løysing på problemet. For det fyrste er Raundalselva varig verna, og det er ein dårleg strategi å setja dette vernet i spel. Det vil splitta bygda i ei sak der me må stå saman, og det vil også føra til ein opprivande debatt om nasjonale verneplanar på Stortinget. Elvekraftverk i Raundalselva har heller ikkje nokon effekt på flaum. Å trekkja kraftverk inn i debatten som ei finansieringskjelde for flaumtunellar er eit håplaust reknestykke. Ingen veit kva kraftkommunane vil sitja att med av inntekter i framtida, og ein kan ikkje budsjettera langt fram i tid med slikt.
- SV vil spela på lag med NVE. Både fordi dei sit på den fremste ekspertisen, og fordi det ikkje nyttar å skaffa store beløp til flaumtiltak utan at NVE kjem med innstilling til dette.
- SV vil samstundes sjå på både dei mindre og enkle tiltaka, og få fram kunnskap og tal på store tiltak. Det er mykje som både kan og må gjerast snarast uansett kva løysingar som kjem seinare. Her er det viktig at heradet samlar inn kunnskap og syter for at tiltak vert utført.
- SV vil sjå på kva tiltak som kan gjera naturen betre i stand til å verna oss mot flaum. Restaurering av myrer er eit døme, slik at vatnet vert forsinka. Vegetasjon og karbonbindande praksisar kan også gjera jorda betre i stand til å halda på vatn. Dette er tema det vert forska på globalt, og det kan vera god kunnskap å ta i bruk også på Voss.
- Voss SV vil etablere eit lokalt fond for folk som ynskjer å gjere eigne mindre flaumsikringstiltak.
- Det er viktig at ein ikkje planleggjer nybygg eller infrastruktur i flaumutsette områder framover. Ein del av probelma me har fått etter flaumane kunne har vore unngått om ein ikkje hadde bygd i slike områder. Me lyt tilpassa oss naturen i større grad enn før.